top of page
  • Forfatterens bildeArgument

Ungdom engasjerer seg for nynorsk på Byremo

LESARBREV 23/2 - 2021: Kvifor er det viktig å behalda nynorsken som opplæringsmål?

Fleire ungdommar engasjerer seg for nynorsken på Byremo, og ser viktigheita av eit språkmangfald. Indre Agder Målungdom blei skipa for om lag eitt år sidan og jobbar for at nynorsken skal behaldast i bygda vår. Ungdommen engasjerte seg då det blei bestemt at det skulle bli folkeavstemming om opplæringsmålet på barneskulen. Dette seier mykje om at nynorsken er ein stor del av identiteten til ungdommane i bygda.


Av Synnøve Stulien Lauen, leiar i Indre Agder Målungdom. publisert 23/2 - 2021


For born og unge på Byremo, vil det vere meir naturleg å læra seg nynorsk på grunn av talemålet som ligg nært til nynorsken. Mange av ungdommane som er ute i arbeidslivet eller har gått vidare på høgare utdanning, ser kva fordelar som nynorsken gjev etter ei grundig opplæring i nynorsk som born. Dersom bokmål blir opplæringsmål på barneskulen, vil ein møte på nynorsken uansett på ungdomsskulen. Med eit godt grunnlag i nynorskopplæringa frå barneskulen, kan dette gjere skulegongen enklare når elevane møter på eit sidemål. Som oftast er det enklare å lære seg bokmål, grunna mykje «gratis» læring grunna overflod i media og sosiale media.

Nynorsken var ein viktig del av nasjonsbygginga i Noreg på 1800-talet og er blitt ein kjær kulturarv for landet. For å halda på den kjære kulturarven vår, er det difor viktig at born og unge får ei god og grundig opplæring i nynorsken. Me ynskjer at den vakre målforma sigrar i bygda vår, og at du bruker røysteretten din til å stemma for nynorsk!


-------------

17. mars skal det haldast rådgjevande folkerøysting om opplæringsmålet i barneskulen i Byremo skulekrins i gamle Grindheim. Indre Agder er eit av områda der nynorsk har stått sterkt lenge. Det er nynorskklassar i Sirdal, Kvinesdal, Hægebostad, Lyngdal, Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle.

bottom of page