top of page
  • Forfatterens bildeArgument Agder

Makta vi ikkje ser

Synspunkt 16.02.2024: NRK-serien "Makta" gjer makta ufarleg og usynleg ved å legge hovudfokus på personar og intrigar. Men serien har ingen analyse av dei endringane i nyliberalistisk veg som Arbeiderpartiet og Høgre gjennomførde.



Av Einar Oltedal, publisert 16.02.2024


I podcasten Seriesnakk på NRK fortel ein av serieskaparane Johan Fasting om intensjonen med tv-serien Makta. Det skulle vere ein anarkistisk serie med eit antiautoritært perspektiv, ein maktanalyse av Arbeiderpartiet. Serien avsluttar med at Ninni, dotter til Torvald og søster til Jens viser fingeren til oss sjåarane. Kanskje sosialdemokratiets siste andedrag, fortel Fasting.


Etter å ha sett Makta på NRK spør eg meg om eg har blitt klokare? Det som skulle vere ein maktanalyse av Arbeiderpartiet gjer makta ufarleg og usynleg ved å legge eit hovudfokus på personar og intrigar. Må NRK gjere alt til underhaldning? Det blir brukt mye tid på Gro-Kåre debattane, men ingen analyse av dei store endringane som Arbeiderpartiet og Høgre langt på veg var samde om, å føre Norge inn på ein nyliberalistisk veg. Kva maktstrukturar i samfunnet låg bak denne utviklinga?


Vi opplevde at våre problemstillingar på sytti-talet ikkje blei tatt på alvor av media og politikarane. Det var som om det fanns ei "usynleg makt" som hindra ein offentleg diskusjon om det som låg bak studentopprøret.

Seksti og sytti-talet var ein svært dramatisk periode i Vesten og i Norge. Eg var då student i Bergen. Kvar veke kunne vi studentar oppleve møte i studentsamfunnet der vi kunne diskutere sentrale tema som kapitalisme, Vietnamkrig, Nato og EEC. Kvifor kunne ikkje Makta ta opp slike tema ? Vi opplevde at våre problemstillingar på sytti-talet ikkje blei tatt på alvor av media og politikarane. Det var som om det fanns ei "usynleg makt" som hindra ein offentleg diskusjon om det som låg bak studentopprøret. Politikarar som Gro og Kåre kunne nok då forsikre seg sjøl om at: Vi har kontroll med det folk blir fortalt.


For meg var ein av dei mest interessante episodane av Makta den niande, då dei var på Utøya. Fasting fortel at Makta har dei unge i dag som målgruppe. Derfor var episoden på Utøya sentral fordi den viste AUF sin opposisjon mot moderpartiet, særleg då over Nato-spørsmålet.


I episodane før Utøya hadde Reiulf Steen blitt framstilt som ein intrigemakar med store alkohol problem. Men på Utøya held Reiulf ein 15 minuttar lang Chile-monolog der han i detalj går gjennom det CIA-støtta kuppet mot sosialdemokraten Allende i 1973. Serieskaparane framtiller her politikaren Steen som framfører ein knusande kritikk av USA. Etter at USA hadde øydelagt både Vietnam og Chile hadde han knapt illusjonar igjen om "Det gode USA". I bakgrunnen sit Gro og lyttar intenst. Kva tankar gjer ho seg om USA og Nato?


Makta burde tatt opp den makt som politikarar har til å skape illusjonar, makt til å føre oss bak lyset. Då kunne vi ha fått ny verdifull innsikt.

Snart skulle Gro bli statsminister. Men ho og resten av moderpartiet var ikkje i stand til å sjå at deira oppfatning av USA og Nato var ein illusjon, altså noko som ikkje er sant. Korleis kan ein stat som USA vere i stand til å trollbinde ein generasjon politikarar og akademikarar i Vest-europa med ein illusjon om at USA representerer det gode og det rette og skape eit bilete av Nato som ein fredsorganisasjon? Makta burde tatt opp den makt som politikarar har til å skape illusjonar, makt til å føre oss bak lyset. Då kunne vi ha fått ny verdifull innsikt.

Kor er vi i dag? Gro er uroleg. Det var derfor ho for eit par år sidan sa: Vi er i ferd med å miste kontrollen med det folk blir fortalt. I dag har Ukrainakrigen på mange måtar blitt vår tids Vietnamkrig. Kva slags makt er det vi framleis ikkje ser, ei makt som hindrar ein brei diskusjon av konflikten bak Ukrainakrigen.



Kommentarer? Gå til vår Facebook-side eller send til post@argumentagder.no









bottom of page