• Argument

Halvor Tjønn om Ukraina


KOMMENTAR 25.05.2022: Halvor Tjønn har foredratt om krigen i Ukraina en rekke steder, bl.a. i Farsund, Kristiansand, Arendal og Risør. Artikkelforfatteren hørte Tjønn i Tromøy kirke, og mener han utelater vesentlige faktorer fra de siste 30 års historie.


Halvor Tjønn - journalist og forfatter. Kilde: egen nettside

Av Einar Oltedal, publisert 25.05.2022 .


Interessa for Ukraina-konflikten er stor. Tromøy historielag hadde samla ei nesten fullsett Tromøy kyrkje den 11. mai for å høyre på Halvor Tjønn. Hovudtemaet hans var historia om makta i Det russiske imperiet. Han hadde likevel lova også å snakke om bakgrunnen for den aktuelle krigen i Ukraina.


Hovudforklaringa hans på at vi fekk Ukraina-krigen var imperie-ambisjonar hos Putin, som han meinte stamma frå ein lang russisk tradisjon. Ei anna årsak var også det autoritære Russland, at Putin frykta påverknaden frå eit meir demokratisk Ukraina. Men foredraget hans ga meg inga større forståing av årsakene til krigen. Til det utelet Tjønn altfor mange vesentlege faktorar frå dei siste 30 års historie.


Han nemde i det heile ikkje Den kalde krigen, og kva som hende i Sovjet og i USA etter 1991. Sovjetsamveldet gjekk i oppløysing og blei påført ein dramatisk økonomisk sjokkterapi frå Vesten. USA vart nå den einaste hegemonen i verda, og utvikla ein politisk strategi for å kunne bli verande i den posisjonen. I denne strategien var det viktig for USA å få kontroll over Eurasia.


Etter at Den kalde krigen var slutt håpa ei heil verd på verkeleg fredeleg sameksistens. Russland ønska å bli med i NATO. Men Russland blei aldri med, medan ei rekke andre Warszawa-pakt land var velkomne som medlemmer.


USA og NATO blei i det heile ikkje nemnt i Tjønn sitt foredrag. Men dei langt fleste land i verda støttar ikkje sanksjonane mot Russland. I desse landa er det ei utbreidd oppfatning at USA og NATO må ta eit hovudansvar for konflikten, der NATO sin ekspansjon austover spelar ei hovudrolle.


Han kom inn på fargerevolusjonane i Ukraina, som han hevda var eit ledd i utviklinga av demokratiet. Men han nemnde ikkje at slike "revolusjonar" er eit konsept utvikla av USA. Motivet skal vere å endre regime i eit land i demokratisk retning. I praksis har det vist seg at det eigentlege motivet for USA ikkje har noko med demokrati å gjere, men bare å kunne endre styresettet i eit land. Ein kan jo bare spørje folk i land som Chile, Vietnam, Irak, Afghanistan osv. om det var omsyn til demokratiet som fekk USA til å gripe inn.


Tjønn hevda også at Ukraina i dag er ein rettstat og eit demokrati. Kor demokratisk er det å forby eit språk som større delar av befolkninga nyttar, nemleg russisk. Eller å stenge ned russisktalanda TV-stasjonar. Eller å fengsle opposisjonelle blant dei russisk språklege.


2. mai 2014 skjedde det ein massakre i Odessa som blei starten på ein 8 års borgarkrig, mellom tilhengarar og motstandarar av Maidan-kuppet i februar same året. Regjeringa tillet då nynazistiske militsar å gå laus på anti-maidan tilhengarane med ekstrem vald. Omlag 50 personar vart brende levande i fagforeningshuset i Odessa. Denne massakren, ein av dei verste i Europa etter den 2. verdskrigen, har aldri blitt etterforska, ingen har blitt dømt. Er dette ein rettstat verdig?


Eg sakna også at Tjønn gjekk inn på dei mange moglegheitene som Vesten hadde for å hindre at situasjonen eskalerte til ein væpna konflikt, ikkje minst ved å få Ukraina til å gå med på Minsk-avtalen. Vesten avviste arrogant at Russland kunne ha legitime tryggingskrav. Putin har heile tida hevda at NATO-medlemskap for Ukraina er ei rød linje. Men røde linjer er det visst bare USA (jamfør Cuba-krisa) som kan hevde, og ikkje Russland.


Kommentarer, ris eller ros ? Gå til vår facebook-side eller send til post@argumentagder.no