top of page
  • Forfatterens bildeArgument

Noreg som eige rike dreiv aldri slavehandel

KRONIKK: Nordmenn tok del i slavehandelen, men dei tok aldri noko initiativ til denne handelen. Danmark selde Trankebar til England i 1845 og St. Thomas til USA i 1917. Ingen var i tvil om at dei var dansk eigedom.


Kilde: Wikimedia Commons

Av Leiv Torstveit, publisert 23/7-2020


Denne artikkelen har også stått i Fædrelandsvennen.


I Kristiansand var det nokre få slavar for om lag 300 år sidan. Og slavane var her som eit resultat av heilstatspolitikken til kongen. Ein konge som førde ein politikk som var den beste både for han sjølv og riket sett under eitt. Land i Europa ønskte å ha koloniar. Danmark-Noreg hadde handelsstasjonen Trankebar i India frå 1619 til 1845. Frå 1661 hadde ein bygd festninga Christiansborg på Gullkysten og sukkerrøyrplantasjar på St.Thomas i Vest-India. Dermed fekk ein trekanthandel som var svært lønsam fordi skipa alltid hadde frakt. Frå Danmark hadde skipa med seg brennevin, krut og flintebørser til Christiansborg. Derifrå hadde dei slavar til St.Thomas. Frå St.Thomas førte skutene sukker til København. Klimaet var dårleg, særleg i Afrika, for folk frå Europa. Dødsprosenten var uvanleg høg for personar som var stasjonerte på Christiansborg. Derfor var det ofte mislykka personar i Danmark-Noreg som søkte og fekk stillingar både i Afrika og Vest-India.


«Da Lillinpalm kom til Kristiansand hadde han med seg hovmester og et stort tjenerskap, hvoriblant der endog var noen neger». Dette skriv Leewey i bind II, 1956. Johan Sigismund Hassius var sonen til ein tysk oberst, og kom til Noreg som kvartermeister ved eit norsk regiment. Han måtte slutte i 1691 og rømme på grunn av gjeld. Johan kom seg til India. Der blei han guvernør i Trankebar og kommandant på Dansborg. Han gifta seg med Anna Undal (1666-1742) frå Kristiansand. Johan skaffa seg ei stor formue, og i 1718 vart han adelsmann og tok namnet Lillinpalm. Same året fekk han utnemning til stiftsamtmann i Kristiansand. Lillinpalm døydde i 1728.

... utan medverknad frå dei innfødde i Afrika ville det ikkje vore muleg med slavehandel. Det var først då ein tok i bruk kinin at dei kvite kunne nå sentrale delar av Afrika.

I kyrkjeboka for Kristiansand kan ein lese om nokre av tenarane hans. Der står det at «den svarte morinde (negresse) Chatarina fikk et barn med den svarte morian (neger) Casper». Dei var ugifte. Casper rømde, mens Chatarina måtte stå openbar skrifte i domkyrkja. Ho måtte fortelje kyrkjelyden om korleis ho hadde blitt gravid. Så kyrkjelyden i domkyrkja kunne høyre og sjå eit ekte farga menneskje. Caspar må ha rømt med ei slaveskute for han var lett å kjenne att. Truleg har også Chatarina blitt send med ei slik skute. Ein veit at skip til og frå Vest-India var innom Kristiansand med jamne mellomrom.


Styresmakta i København utnemnde personar til stillingar i heile riket. Eit lite døme på det er Jørgen Hyltoft. Han hadde vore prest på festninga Christiansborg i Guinea før han i 1767 vart sokneprest i Vikedal. Guinea var utskipingsstad for slavar til Amerika. Dei kvite kunne ikkje gå inn i landet i Afrika. Då kunne dei få malaria. Det var innfødde stammar som fanga menn, kvinner og barn og førde dei til kysten. Der blei dei selde som slavar. Så folk av alle fargar tok del i slavehandelen. Og utan medverknad frå dei innfødde i Afrika ville det ikkje vore muleg med slavehandel. Det var først då ein tok i bruk kinin at dei kvite kunne nå sentrale delar av Afrika. Kinin hadde ein febernedsetjande verknad og blir framleis brukt mot malaria. Engelskmennene i India og Afrika drakk gin og tonic. I tonic er det kinin. Og mange seglfolk som var smitta av malaria, redda livet sitt ved å ete kinin. Kinin kjem frå kinaborken som vaks i Peru.


For oss er det utruleg at ein prest tok del i slavehandelen. Men biskop Erik Pontoppidan skreiv dette: «Men de Guineiske Slavars Tilstand i deres eget Land er saa elendig, at den aldrig kand blive meget elendigere. Følgelig meener jeg, at den Neger, som derfra overføres til Vestindien, bliver langt mindre elendig». Personar som klarde seg i slavehandelmiljøet fekk stillingar når dei kom attende til riket. Presten Hyltoft hadde ikkje slavar med seg attende til landet, truleg lite med pengar også. Men Lillienpalm, stiftsamtmannen, hadde både slavar og pengar med seg til Kristiansand.


Og så til spørsmålet om Noreg tok del i slavehandelen. Ja, personar frå Noreg, som andre personar frå Danmark-Noreg, deltok i slavehandelen. Frå 1660 hadde kongen all makt i riket. Utan samtykke frå kongen kunne ein ikkje drive med slavehandel. Noreg som eige rike dreiv aldri slavehandel i sitt eige namn. Nordmenn tok altså del i slavehandelen, men dei tok aldri noko initiativ til denne handelen. Danmark selde Trankebar til England i 1845 og St. Thomas til USA i 1917. Ingen var i tvil om at dei var dansk eigedom.


Dette er mitt innlegg i debatten til Trond Bjerkås og Øyvind Andresen om kor vidt Noreg som rike dreiv slavehandel eller ikkje.



Kommentarer? Send til post@argumentagder.no

bottom of page