top of page
  • Forfatterens bildeArgument

Krigen i Ukraina – slutten for NATO?


SYNSPUNKT 18.10.2023: Motoffensiven i Øst-Ukraina ser ut til å ha stoppet opp. Med økende krigstretthet i NATOs medlemsland smuldrer støtten til Ukraina bort. Et truende nederlag i Ukraina kan bety slutten for NATO.


Illustrasjon: Geo-politikk, Unsplash free photos

Av Einar Oltedal, publisert 18.10.2023


Tapte sjanser

For oss som har levd eit heilt liv under Den kalde krigen var 80-talet ei særleg spennande tid. Eg hugsar godt diskusjonen om problema for Sovjetsamveldet. Den rådande oppfatninga var at det måtte gå generasjonar før ei verkeleg endring i Sovjet var mogleg. Men så skjedde det utrulege. Ein person stod fram, Gorbatsjov. Han skapte eit historisk vendepunkt, og i løpet av få år var heile unionen oppløyst, og kommunismen forkasta. Dette skapte stor optimisme i Vesten, og eg trur at for nesten alle vestlege leiarar var nå hovedfokuset: Korleis skape sikkerheitsordningar for Europa som inkluderte også Russland. Men desverre var det ei gruppe nykonservative i Washington som ville det annleis.


Tryggingsløysing må omfatte Russland og Ukraina

Kor ligg den store utfordringa i dag? Etter mi meining eit USA som nytta høvet då sovjetsystemet fall til å definere seg som den einaste hegemonen, og der dei andre vestlege landa lydig har innordna seg under USA sitt leiarskap. Nå tyder alt på at Ukraina og dets vestlige støttespillere møter nederlag i krigen mot Russland. Ennå har ikkje ein einaste vestleg leiar stått fram og påpeika dette enorme feilsteget til USA/NATO. Det må vel kunne finnast ein person med mot, integritet og kunnskap. Kunne det finnast ei norsk kvinne? Eg har faktisk drøymt om at ein norsk høgreleiar kunne la seg inspirere av Kåre Willoch, Jon Lyng og C.J. Hambro, og seie det som er sant: NATO har gjort ein stor feil ved medvite å motarbeide ei tryggingsløysing som omfattar både Russland og Ukraina.


Ukrainsk motoffensiv

NATO-alliansen kan nå stå framfor sitt største nederlag. Motoffensiven til Ukraina har vore ein katastrofe. Slettene i Aust-Ukraina har vorte reine dødsmarker for dei ukrainska soldatane. Medan Ukraina har mista sine beste soldatar har Russland, tross betydelige tap, nytta tida til kraftig opprusting. Russland har defor nå ein militær styrke som truleg vil tvinge igjennom ein ukrainsk kapitulasjon.


Ukrainas status

Analytikarar i Vesten som var i stand til å forstå konflikten bakom krigen, utanom gjennom tjukke NATO-briller, forstod at Ukraina i NATO var ei blodrød linje for Russland. Og at Russland som siste utveg ville kunne bruke militær makt for å hindre dette. Så kva blir så status når våpna tier? Det vi då kan vere heilt sikre på er at Russland vil bruke si makt til å tvinge igjennom eit nøytralt Ukraina, eller eit Ukraina som ein part av den russiske føderasjon, mot eit maktlaust NATO.


Mange høve til å unngå krig

Tenk om europeiske NATO-land hadde kunna stått opp mot Bush på NATO-møtet i Bucuresti i 2008, og at alliansen hadde akseptert eit nøytralt Ukraina? Då hadde vi ikkje hatt nokon krig, og Krim hadde framleis vore ein del av Ukraina. Etter 2008 har NATO hatt mange høve til å unngå ein militær konflikt. Slik som etter Minsk II avtalen i 2015. Putin var naiv og trudde godkjenning i Tryggingsrådet ville forplikte Vesten. Men både Ukraina og NATO-landa saboterte avtalen.


Sikkerheits spørsmål fundamentale

Den vestlege forteljinga om imperialisten Putin stemmer derfor ikkje. I mars i 2022 var partane nær ein avtale i Istanbul, der Ukraina ville akseptere nøytal status. Krigen har vore eit gigantisk sjansespel som Ukraina, Vesten og NATO nå er i ferd med å tape.

Skal vi oppnå avspenning og fred så er sikkerheits spørsmål fundamentale. Noko som blir understreka av at Tryggingsrådet er det viktigaste organet i FN. Men kva nasjon er det som trampar på sikkerheita til land etter land? I ein kongress rapport (CSR Congressional Research Sevice) frå juni i år kan vi lese om USA sine intervensjonar i andre land. Etter 1991 har USA intervenert 215 gonger, medan Russland bare har intervenert 5 gonger.


Er det ikkje på tide at verda set ein stoppar for det amerikanske overmotet, eit overmot som Bush sin rådgivar Karl Rove ein gong forklarte slik: Vi er eit imperium nå, og når vi handlar skapar vi vår eiga verkelegheit.



Kommentarer? Gå til vår Facebookside eller send til post@argumentagder.no


bottom of page