top of page
Forfatterens bildeArgument

Jagland om Ukraina

KOMMENTAR 29.3.22: Einar Oltedal gjer sine refleksjonar etter å ha høyrt Thorbjørn Jagland halde foredrag om Ukraina på Arkivet.



Thorbjørn Jagland ©Stortingsarkivet/Scanpix.

Av Einar Oltedal, publisert 29.3.22



Torsdag 3. mars drog eg til Arkivet i Kristiansand til eit møte om Ukraina med tittelen: Ukraina - hva nå? På dette spørsmålet var ThorbjørnJagland og Hanne Sophie Greve invitert til å svare. Eg var særleg interessert i å høyre Jagland på grunn av hans lange politiske erfaring, ikkje minst om europeisk sikkerheit og vårt tilhøve til Russland.


Han gav ei balansert framstilling av bakgrunnen for konflikten i Ukraina, og orienterte om dei to hovudsøylene nedfelt i prinsippa til OSSE-organisasjonen: Alle land har rett til å velje sikkheitspolitisk tilknyting under føresetnad av at landet ikkje aukar sin eigen sikkeheit på ein slik måte at det reduserer sikkerheita til andre land.


Det var høve til å stille spørsmål etter foredraga, noko eg gjorde til Jagland. Han hadde understreka i foredraget sitt at det aller viktigaste nå var å få slutt på krigen. Eg hevda då at ein statsminister i eit Nato-land som Norge hadde makt til å få slutt på krigen i løpet av kort tid. Støre kunne t.d. gå ut å hevde at ein nå også måtte ta Russlands tryggingskrav på alvor. Norge ville derfor fremja krav i Nato om garantiar til Russland at Ukraina aldri får medlemsskap i Nato. Mitt konkrete spørsmål var då? Kvifor gjer ikkje Støre dette?


I svaret sitt tok han oppatt noko av det han hadde sagt i foredraget, nemleg at krigutbrotet truleg kunne ha vore unngått dersom institusjonar som t.d. OSSE hadde vorte kopla inn etter at Russland før jul kom med sine krav til sikkerheit. Nå meinte han at det kan vere for seint, og Støre ville nok vere fokusert på retten Nato-landa har til å velje fritt sikkerheitspolitisk tilknyting. I svaret sitt gav han utrykk for tvil om at sikkheitskrava var hovudmotivasjonen for Russlands invasjon i Ukraina.


Denne haldninga til Jagland, som nok er representativ for nesten alle norske politikarar nå, gjer meg svært uroleg. Kva må skje for at Vesten skal akseptere at også Russland har sine røde linjer? Om eit par månader kan vi ha ti millionar flyktingar i Aust-Europa. Prisstigning som nærmar seg 20-talet. Det blir mangel på ei rekke varer, og aukande arbeidsløye; protestar og opprør mot dei politiske elitane over alt. Skal vestleg arroganse og hat mot Russland vere det som for alltid vil gjere slutt på vestleg dominans i verda?




Kommentarar, ris eller ros ? Gå til vår facebook-side eller send til post@argumentagder.no

Comments


bottom of page