• Argument

Hva mener SV om Ukraina-konflikten ?


Synspunkt 16.09.2022: Når SV samanliknar Ukrainas kamp med med Norges frigjeringskamp i 2. verdskrigen er dette ei slik forenkling at det nærmar seg historieforfalsking meinar artikkelforfattaren.


Illustrasjon: Utbombet ung mor, Ukraina

Av Einar Oltedal, publisert 16.09.2022


Eg har nesten alltid røysta på SV. Tidlegare var eg medlem og var til og med lokallags-leiar ein gong på 70-talet. Etter innlegget til Ekeland og Kvalvik (i Klassekampen, red.) 1. september om Ukraina undrar eg på kva slags historieforståing ein nå finn i SV. Dei hevdar at Ukrainas kamp kan samanliknast med Norges frigjeringskamp i 2. verdskrigen. Etter min meining er dette ei slik forenkling at det nærmar seg historieforfalsking.


For oss som har levd gjennom heile Den kalde krigen er Cubakrisa i 1962 og Sovjetsamveldet si oppløysing i 1991 to avgjerande kriser som kan forklare handlingane til Russland i Ukraina i dag. Krisa i Ukraina er ei "Cubakrise" for dagens Russland. For USA var sovjetiske rakettar på Cuba ein eksistensiell trussel. Hadde ikkje Krustchev bøyd av, så hadde USA gått til åtak på Cuba. Men med diplomati fann Kennedy og Krustchev ei løysing


Putin har sidan 2008 gjort det klart at NATO-dominans langs Svartehavet er ein eksistensiell trussel for Russland, og at Russland då kan kome til å nytte militær makt mot Ukraina. Ville det då ikkje vore klokt og lytta til Putin og gitt diplomatiet ein sjanse ? Men han blei møtt med arroganse og overmot frå Vesten, og blank avvising.


Då Sovjetsamveldet vart oppløyst utan blodsutgyting var det ei heil verd som kunne pusta letta ut. Sentrale leiarar i vest lova Gorbatsjov at NATO ikkje skulle kome ein tomme mot aust. I fleire artiklar har Peter M. Johansen dokumentert dette i Klassekampen. Han har ei liste på eit ti-tals namn på politikarar som alle hadde ein dominerande posisjon i Vesten i 1991.


Det var eit stort historisk feilsteg av NATO etter 2000 å arbeide mot regimeskifte i Ukraina for å sikre Ukraina eit NATO-medlemskap. Hadde NATO i 2008 ikkje gitt etter for presset frå USA og Bush, men akseptert at Ukraina ikkje kunne bli med i NATO, så hadde vi i dag ikkje hatt nokon krig i Ukraina, og Krim hadde framleis vore ein del av Ukraina.


Tenk om vi hadde hatt politikarane frå 1991 med oss i dag. Dei ville med ein gong ha forstått årsakene til krigen i Ukraina, og blitt sjokkert over kva slags leiarar Vesten har i dag. Det er tydeleg at SV-arar treng å oppdatere seg på nyare samtidshistorie. Eg vil anbefale ein artikkel av Jeffrey Sachs: "The West’s False Narrative about Russia and China"



Kommentarer? Gå til vår Facebookside eller send til post@argumentagder.no