top of page
  • Forfatterens bildeArgument

Bare Russland avslutta Den kalde krigen


KRONIKK 1.3.23: Etter Sovjetunionens sammenbrudd ville USA svekke Russland slik at det aldri skulle kunne utfordre USA i en ny unipolar amerikansk verden. Etter artikkelforfatterens mening er det denne USA-strategien som er den viktigste årsaken til dagens krig i Ukraina, som først og fremst er en krig mellom USA/Nato og Russland.


Kilde: Wikimedia Commons

Av Einar Oltedal, publisert 1.3.23


Eit av hovudargumenta til Putin som grunngjeving for invasjonen i Ukraina var trugsmålet frå eit unipolart USA som har som strategi å svekke og destabilisere Russland. Når ein les boka til Halvor Tjønn, Krig i vår tid, så er det klart at han ikkje trur på denne argumentasjonen. Men det er ein stor mangel ved boka hans at han i det heile ikkje drøftar dette.


Korleis slutta Den kalde krigen? Då Sovjetsamveldet gjekk i oppløysing i 1991 var det mange uløyste spørsmål. Kva skulle skje med Vest- og Aust-Tyskland, Warszawapakta og Nato? Kunne Russland få same tryggingsordning som andre Aust-Europeiske land? Gorbatsjov var innstilt på å avslutte Den kalde krigen, og gjekk med på eit samla Tyskland i Nato og oppløysing av Warszawapakta. Etter samtalar med ei rekke vestlege leiarar fekk han lovnader om at «Nato ikkje skulle kome ein tomme lenger aust enn eksisterande Nato-grense». Han trudde faktisk på desse lovnadene.

Men det skulle vise seg at Gorbatsjov var altfor naiv. George H. W. Bush hadde ingen planar om å avslutte Den kalde krigen. Gorbatsjov sette fram forslag om russisk Nato-medlemskap, og ei ny europeisk tryggingsordning som skulle erstatte både Nato og Warszawapakta. Begge forslaga blei avvist av Washington. På eit møte med Nato-leiarar på Camp David 24.-25. februar 1990 gjorde Bush det klart for Kohl om moglege kompromiss med Moskva: «To hell with that, we prevailed, they didn’t.» Denne strategien skulle i første omgang haldast hemmeleg, til Tyskland-spørsmålet var løyst.


Ikkje bare sa dei nei til all hjelp, men dei gjorde det klart at dersom ikkje Russland betalte kvar einaste penny på neste gjeldsavdrag, så ville dei få stoppa kvar skipslast med mat som var på veg mot Russland.

Ei anna viktig sak var korleis Vesten skulle hjelpe landa i Aust-Europa i overgangen til marknadsøkonomi. Jeffrey Sachs har gitt verdifull informasjon om dette. Han var ein av «Havard-guttane» som skulle gi økonomiske råd. I 1999 var han rådgivar i Polen og føreslo ein 2-punkts plan: Punkt ein var økonomisk støtte og eit stabiliseringsfond for zlotyen. Punkt to galdt sletting av statsgjeld. Både Washington og G7 slutta seg til dette, 60% av statsgjelda til Polen vart sletta. Senator Dole frå USA sa at det amerikanske folket ville gjere alt for fridomen til Polen.


I 1990 vart Sachs spurd av Grigory Yavlinsky, rådgivar til Gorbatsjov, om å hjelpe også Gorbatsjov med økonomiske råd. Sachs anbefalte at Sovjetsamveldet måtte få tilsvarande hjelp som Polen. Den økonomiske planen for dette blei presentert for Det kvite huset i Washington i april 1991. Resultatet blei eit fullstendig NEI frå Washington.

Nå braut Sovjetsamveldet saman, og i september 1991 blei Sachs spurd av Jeltsins rådgivar, Yegor Gaidar om å hjelpe også det nye Russland, i overgangen til marknadsøkonomi. Sachs ville igjen fylgje oppkrifta frå Polen. Den hadde nå vist seg å fungere. I november kom finansrådgivarar frå G7 til Moskva og Gaidar la fram Sachs sin plan for leiaren David Mulford. Gaidar kom ut frå møtet fullstendig utslegen. Ikkje bare sa dei nei til all hjelp, men dei gjorde det klart at dersom ikkje Russland betalte kvar einaste penny på neste gjeldsavdrag, så ville dei få stoppa kvar skipslast med mat som var på veg mot Russland.

På den tida var eg ganske ung, og eg kunne ikkje forså dette, seier Sachs, at Polen skulle få all hjelp og Russland ingenting. Nå skjønar eg meir. Eg prøvde å gi økonomiske råd, mens Washington dreiv geopolitikk. Dei ville sørge for at Russland aldri skulle kunne utfordre USA i ei ny unipolar amerikansk verd. Sachs har skreve om dette i dokumentet «What I did in Russia.»

Sachs hevdar at politikken til dei nykonservative kom til å dominere i Washington frå og med 1992. Etter å ha eksistert som ei av dei to stormaktene under Den kalde krigen, ville dei nykonservative at USA nå skulle utnytte situasjonen med eit svekka Sovjet/Russland. Tida var komen for ei unipolar verd, der USA nå var den einaste hegemonen og hadde rett til å bruke si makt for å sikre denne posisjonen. Dette blei seinare også understreka i den såkalla Wolfowitz-doktrina. Etter mi meining er det denne USA-strategien som er den viktigaste årsaka til dagens krig i Ukraina, som først og fremst er ein krig mellom USA/Nato og Russland.



Kommentarer, ris eller ros ? Gå til vår facebook-side eller send til post@argumentagder.no


bottom of page