top of page
  • Forfatterens bildeArgument

Offeret


REPLIKK: Kva slags `offer` gjer Tangen? Så vidt eg kan sjå, har han ikkje betalt fem øre.



Illustrasjon: T. Vestaas

Av Sylfest Lomheim, professor i språk, UiA. Publisert 27.8.20


«Jeg gir bort alt» står det med store bokstavar i Aftenposten. Nede i brødteksten står det at han fører over sine eignedelar til ei stifting som han sjølv har stifta. Dessutan sel han fondsmidlar til ein verdi av fem milliardar og set salssummen i banken! Kjetil B. Alstadheim skriv at Tangen må være en av dem i verden som har betalt aller mest for en ny jobb.


Så vidt eg kan sjå, har han ikkje betalt fem øre. Så kva slags `offer` gjer Tangen? Det same offeret som titusenvis av nordmenn gjer når dei set pengar i banken. Med eín skilnad: vanlege nordmenn har ingen milliardar å setja på bankkonto.



(Denne teksten har også stått i Klassekampen.)



Kommentarer? Send til post@argumentagder.no

bottom of page